Project

Haugebonden

Photo by Carl J. Asquini

I had the great honour to be the festival composer for the 30 th anniversary of the folk music festival Telemarkfestivalen.

The commissioned work HAUGEBONDEN / the farmer from the pile – is based on an old medieval ballad. There are documented more than a hundred versions of this ballad in the region of Telemark and we find traces and variations of this song all over Norway.

The premiere of HAUGEBONDEN took place at the culture house in Bø/Telemark on August 10th 2019 and was also performed at the Ultima contemporary music festival in Oslo at Riksscenen on September 20th.

My special aim for this project was to express duality between what we see / what we do not see, consciousness / and sub-consciousness, human beings and nature, and the fruits of making them go into dialogue. All brought to life through the intersection between sound, song, movement and visuality.

The composition was dedicated to the Norwegian queen of folk music: Agnes Buen Garnås.

Telemarksfestivalen flyer

Photo: Carl J. Asquini / Design: Hege Holt Østmo

Om bestillingsverket Haugebonden

Kristoffer Mosfjeld Dagleg leiar, Telemarkfestivalen

I 2019 er Telemarkfestivalen 30 år! Mykje har skjedd i folkemusikken sidan 1989 og mykje kjem til å skje dei neste 30 åra. Under årets festival snur me oss både tilbake og ser framover, og spør: Kva er folkemusikk – i fortid, notid og framtid? Telemarkfestivalen ønsker å vere med på å verne om det særeigne i folkemusikken samstundes som musikken held fram med å vere aktuell og interessant for nye generasjonar musikarar, dansarar, lyttarar og tilskodarar. Tingingsverka er såleis ei viktig satsing for å styrke formidlinga av folkemusikk som eit viktig og flyktig samtidsuttrykk i stadig utvikling.

Dette vil i særleg grad speglast i årets tingingsverk, der komponist og vokalkunstnar Ruth Wilhelmine Meyer har late seg inspirere av den tradisjonelle folkevisa «Haugebonden» etter Agnes Buen Garnås som utgangspunkt for årets tingingsverk. Meyer er ein utøvar som i særleg grad beherskar dualiteten i folkemusikk-uttrykket – det å trekkje det tradisjonelle inn i det moderne og det moderne inn i det tradisjonelle. I lag med eit stjernelag av musikarar og dansarar tek Meyer oss med på ei musikalsk og visuell reise på grensa mellom det konkrete og det abstrakte, det synlege og det usynlege – mellom det verkelege og det mystiske!

Pictures from the performance – by Knut Utler

Om Haugebonden og middelalderballaden

Astrid Nora Ressem Forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket

Når vi syng ein ballade, lyttar til ein ballade, rører oss til ein ballade og ler, gret eller fell i tankar over ein ballade, koplar vi oss på ein mange hundre år gammal songtradisjon. Ein tradisjon som fyrst og fremst har blitt haldt levande av store songarar og forteljarar som har greidd å halde tilhøyrarar i ande med lange dramatiske fortelljingar, vers etter vers. Men også tilhøyrarar, lesarar, innsamlarar og utgjevarar har vore og er viktige brikker i den mangfaldige historien til balladane.

«Haugebonden» er ein ballade om den magiske jolekvelden der bonden på garden møter den underjordiske bonden. Dei kranglar om at tenestefolket på garden bråkar og forstyrrar haugebonden, medan bonden på si side klagar over at haugebonden brukar skipet hans utan å betale leige. Den jordiske og underjordiske bonden vert einige, og bonden får fine gåver av haugebonden. Dette må ha vore ei populær vise her i landet, for den har vandra på folkemunne både i innlandet og langs kysten frå Lista i sør til Trondenes i nord. Berre i Aust-Telemark er det skrive ned nesten hundre variantar av «Haugebonden». Andre stader vert den underjordiske kalla både gardvoren (han som vernar garden), raudkallen, tomtegubben, tuftekallen, gobonden eller gullstein.

Når ein ballade som «Haugebonden» har vorte sunge og lytta til i mange generasjonar og i ulike miljø må det bety at den på eitt eller anna vis treff oss på eit djupt menneskeleg nivå. «Hei og hå, hugjen leikar så vide», heiter det i eitt av balladeomkveda, og det samme kan seiast om balladane sjølv; dei leikar så vidt og breidt i menneskesinnet. Dei har med sitt innhald, sin struktur og forteljarmåte ein slitestyrke og ein appell som gjer at kvar og ein som ønskjer kan leggje bitar av sine liv, tankar og kjensler inn i ei balladeforteljing og ein særprega og vakker melodi. Balladen er i fortida, samtida og framtida.

Photos by Carl J. Asquini

Tingingsverk til 30-årsjubileet for Telemarkfestivalen 2019

Ruth Wilhelmine Meyer  – vokalkunstnar/ komponist og kunstnerisk ansvarleg for Haugebonden

Balladen om Haugebonden traff meg fyrste gong eg høyrde Agnes Buen Garnås synge den. Då Telemarkfestivalen spurte meg om å skape årets tingingsverk, visste eg at eg ville krinse rundt nettopp denne balladen som både er klar og gåtefull på same tid. Mellomrommet mellom den heilt konkrete forteljinga og det usagte utgjer sjølve svevet i visa. Det er uttrykt gjennom den spesielle koplinga mellom bonden på garden og bonden i haugen. Korleis dei er to og likevel eitt. Kven er bonden? Kven er haugebonden? Kva er det som møtest og går i dialog?  Er det vår eigen bevisstheit og underbevisstheit? Er det notid og fortid? Er det mennesket og naturen? Det vi ser og det vi ikkje ser?

Det visa derimot klart uttrykker, er ein innkapsla konflikt som kjem til overflata av bondens sveinar.  Forsoninga skjer gjennom å grave fram alt det usagte og gjennom å lytte på kvarandre. I så og seie alle kjende versjonar av visa finn vi ordet  LYTTE- LYE- LYES:

….Så lyer han på, bonden ….Me lya no på bonden …Dei lya på den bonden ….Det lyes uppå bonor (bein) ….

Og visa lovar rike gåver om du lyttar til og går i dialog med den andre/ det andre.

Gjennom musikken, lyset og dansen vil vi i dette verket la verda til bonden og verda til haugebonden møtast, stå side om side, men også spegle kvarandre og påverke kvarandre og gå i dialog.  Alt melodisk materiale har opphav i tradisjonsstoff frå Telemark og blir framført i originalform, i bearbeidd form, og sett saman med klangbaserte element. Men kva er gammalt? Kva er nytt? Kva for eit uttrykk høyrer til fortid? Kva for eit uttrykk høyrer til notid? Er det fortid eller levande notid når Per Anders spelar ein slått? Er det fortid eller notid når Agnes syng? I kunsten blir tid og rom oppheva og får meining hos den som til ei kvar tid lyttar.

Verket er tileigna Agnes Buen Garnås. Utan henne hadde mykje middelalderballadestoff vore gløymd. Ho er ein av dei mest sentrale formidlarane av folkemusikk med eit utal av kurs og seminar både for vaksne og born gjennom ein kvinnealder og ho er og har vore til stor inspirasjon for meg personleg. Eg har hatt gleda av å samarbeide tett med henne i FUGL 2001-2009  og  LJOD 2005-2007 (med Marilyn Mazur og Helen Davies Mikkelborg/ Birgit Løkke Larsen).

Årets tingingsverk er utvikla saman med Espen Leite, Tuva Syvertsen, Per Anders Buen Garnås, Silje Onstad Hålien og Kyrre Heldal Karlsen, som utifrå kvar sin kunstnariske ståstad har bidratt til denne framføringa. Det er også ei stor glede å samarbeide med unge utøvarar frå folkemusikk fordjuping i Telemark.

Dei ulike satsane er:

  1. FYRISPEL
  2. INNFERD
  3. SAMAN
  4. URO
  5. KIVING
  6. LOVNADER
  7. SAMAN IGJEN