Astrid Nora Ressem Forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket
Eget vedlegg (/ klikk
Når vi syng ein ballade, lyttar til ein ballade, rører oss til ein ballade og ler, gret eller fell i tankar over ein ballade, koplar vi oss på ein mange hundre år gammal songtradisjon. Ein tradisjon som fyrst og fremst har blitt haldt levande av store songarar og forteljarar som har greidd å halde tilhøyrarar i ande med lange dramatiske fortelljingar, vers etter vers. Men også tilhøyrarar, lesarar, innsamlarar og utgjevarar har vore og er viktige brikker i den mangfaldige historien til balladane.
«Haugebonden» er ein ballade om den magiske jolekvelden der bonden på garden møter den underjordiske bonden. Dei kranglar om at tenestefolket på garden bråkar og forstyrrar haugebonden, medan bonden på si side klagar over at haugebonden brukar skipet hans utan å betale leige. Den jordiske og underjordiske bonden vert einige, og bonden får fine gåver av haugebonden. Dette må ha vore ei populær vise her i landet, for den har vandra på folkemunne både i innlandet og langs kysten frå Lista i sør til Trondenes i nord. Berre i Aust-Telemark er det skrive ned nesten hundre variantar av «Haugebonden». Andre stader vert den underjordiske kalla både gardvoren (han som vernar garden), raudkallen, tomtegubben, tuftekallen, gobonden eller gullstein.
Når ein ballade som «Haugebonden» har vorte sunge og lytta til i mange generasjonar og i ulike miljø må det bety at den på eitt eller anna vis treff oss på eit djupt menneskeleg nivå. «Hei og hå, hugjen leikar så vide», heiter det i eitt av balladeomkveda, og det samme kan seiast om balladane sjølv; dei leikar så vidt og breidt i menneskesinnet. Dei har med sitt innhald, sin struktur og forteljarmåte ein slitestyrke og ein appell som gjer at kvar og ein som ønskjer kan leggje bitar av sine liv, tankar og kjensler inn i ei balladeforteljing og ein særprega og vakker melodi. Balladen er i fortida, samtida og framtida.